Dugnad - 2024
Invitasjon til dugnad i regi Fjellparken velforening

For å gjere ein innsats for å gjere omgjevnadene våre flottare enn dei er, inviterer styret til dugnad laurdag 5. oktober kl 11. Dersom vi ikkje blir ferdige denne dagen, held vi også fram sundag 6. oktober med start kl 11.
Vi møtest utanfor hytta til Monica Fiksdal i Blæstervegen 2. Her blir det felles kaffe før vi deler oss i mindre grupper. 

Vi vil her ha hovudfokus på å tynne skog og kratt samt andre oppgåver som å plukke søppel og renske vassveiter o.l.

Ta med ​egna utstyr til dugnaden.

Vel møtt!
Helsing styret