Utvida bandtvang

Vågå kommune innfører frå 07.03.18 utvida bandtvang under tregrensa for å verne om viltet.  Det er klagerett på vedtaket.

Med heimel i kommunal forskrift om bandtvang i Vågå, § 2, vedteke 06.03.2018 innfører Vågå kommune bandtvang for hundar som er ute, under tregrensa.  Eigar eller innehavar av hund i Vågå kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda frå vedtaksdato (07.03.2018) og fram til rådmannen opphevar vedtaket.


Grunngjeving:

Utvida bandtvang blir innført  for å verne om viltet, spesielt rådyr, pga. mykje snø i skogområda.