Det er tillate med inngjerding med inntil 50 løpemeter pr. tomt som omtalt under.
• Gjerde skal vere mellom 0,9 og 1,2 meter høy og skal vere festa i vegg i både endar.
• Gjerde skal utførast i trevyrkje og ha ei utforming og farge som harmonerer med bygningsmiljøet.
• Gjerde skal tilverkast slik at beitedyr ikkje kan kome til skade.
• Portal er ikkje tillate.
• Grind(er) skal slå utover, og grind skal telje med i talet løpemeter.
• Kryperom under terrassar og veranda skal lukkast og haldast ved like, slik at småfe ikkje kan koma innunder og setje seg fast. Stengsel under veranda/terrasse skal ikkje reginas med i tal løpemeter.
• Stigar, råk og naturlege ferdselsvegar skal ikkje stengast med gjerde eller grind.
• Rekkverk/gelender på veranda/terrasse/platting skal ikkje telje med i talet løpemeter.
• Gjerde mellom nabotomter kan ikkje koplast saman og gjerde kan ikkje settast opp nærare eigedomsgrense enn 2 meter, for å sikre fri ferdsel mellom hyttetomter. Det skal vere minst 4 meter mellom gjerde på nabotomter.
• Det må innhentast skriftleg løyve frå grunneigar før det kan gjerdast.
Grunneier er Statskog https://www.statskog.no/ og søknaden skal sendes til post@statskog.no
Søknaden skal inneholde navn på fester, festenummer, målsatt skisse som viser bebyggelsen og hvor gjerdet er tenkt satt opp. Videre hvorfor areal ønskes inngjerdet.
• Vågå kommune har etter Plan- og bygningsloven ansvaret for at gjerdeføresegnene blir følgd.